Utblikk 1 og 2 er to heilt like hytter på 113m2.
Hyttene har eiga strand.
Møblert terasse med grill og tilgang til bålpanne.
Opphaldsrommet med stove og kjøkken har store vindauge med nydeleg utsikt over Jølstravatnet mot Kjøsnesfjorden og
Grovabreen på andre sida av vatnet.
Stova er møblert med sofa, loungestolar og sofabord. 55" flatskjerm TV med norske, tyske (Astra 1) og internasjonale TV kanalar.
Vedomn.
Kjøkkenavdelinga er utstyrt med el komfyr- og koketopp, kjøkkenvifte, kjøleskåp med frys, mikrobølgeomn, oppvaskmaskin, kaffitraktar,
vasskokar og vaffeljern. Spisebord og stolar, samt det koppar og kar til 8 personar.
Fliselagt bad med WC, handvask, skåp, speil og dusjkabinett.
Gangen har også fliselagt golv med trapp til hems.
Hyttene har totalt 8 sengeplassar fordelt på 4 soverom. Tre på hovudplan og eit på hemsen. Stort soverom med dobbelseng (180cm) som kan delast til to enkle sengar på 90cm. To av soveromma har køysenger (90/90cm). På hemsen er det to enkle sengar (90cm).
Varmekablar i opphaldsrom, gang og bad/WC.
Vaskemaskin.
Gratis Wi-Fi.
Røykfritt.
Bod med 100l liter frys.
Parkering.
Båt med motor til utleige. Flytevestar inngår.
Garden «Indrehus» på Hus i Jølster har drive med mjølkeproduksjon i to generasjonar. Mange vil nok meine at det ikkje skulle late seg gjere, då bøane der ein dyrkar fòr til dyra er meir brattlente og tungdrevne enn flate og lettdrivne. Første generajon brukte hest, medan andre generasjon har dyrka jorda og hausta grasavlinga til dyra med traktor – vel å merke seg; med dobbelt hjulsett!
Det Indrehus manglar for å være attraktiv for gardsdrift, tek garden igjen på beliggenheit med fantastisk utsikt over Jølstravatnet, Grovabreen og fjella omkring.