top of page

Fiske

​

Du kan teste fiskelykka frå fjæra eller frå båt.

​

Kjøp fiskekort på Circle K Skei eller via sms eller online her.

​

Finn dei beste fiskeplassane på digitalt fiskekart for heile Jølster.

​

Hytteeigaren har fiska i Jøstravatnet frå han var ein gutunge og kan ha nokre fisketips på lur :-)

ørret.jpg
DSCN3389.JPG
abjørn_fiskegarn_båt.jpg
asbjørn_fikar_stang.jpg

Er du her rette helga juni, kan du delta på Jølster Aurefest som har vore arrangert sidan 2014.

Er du riktig heldig kan du reise heim med ny bil! 

Bade

​

Nyt eit forfriskande bad i det reine vatnet som renn inn frå fjell og brear rundt Jølstravatnet.

IMG_0459.JPG
IMG_2547.JPG

Turar i nærmiljøet

​

Jølster er eit eldorado for ski- og fotturar på alle nivå.

hest.png

Du treng ikkje bevege deg langt frå hytta før utsikta stig til nye høgder.

Dette bildet et tatt frå ein skogsveg i lia rett ovafor hyttene. Frå hytta går du til dette utsiktspunktet på ca 20 minutt.

fottur.png

Du kan sjølvsagt fortsette turen vidare og komme til Husstøylen som ligg på 565moh og eventuelt komplettere turen med ein topptur til eit av fjella i nærleiken.

husstøylen.jpg

UTBLIKK Feriehytter i Jølster er eit perfekt utgangspunkt for utflukter til lokale attraksjonar, som Atruptunet, Eikaasgalleriet og Jølstramuseet. Finn info her.

​

Med ein 30 minutts biltur kjem du til Norsk Bremuseum som ligg i Fjærland.

​

Få fleire tips til aktivitetar i kommunen her.

 

Ein kan også ta dagsturar til turistmål litt lengre unna, som; Geiranger, Briksdalsbreen, Sognefjorden, Balestrand, Stryn, Olden og Loen. Loen Skylift er ei av dei brattaste gondolbanene i verda og løftar deg frå fjorden til fjellet Hoven 1100 moh på nokre minutt.

bottom of page