top of page
indrehus_edited.jpg
IMG_1845.JPG

Garden «Indrehus» på Hus i Jølster har dreve med mjølkeproduksjon i to generasjonar. Mange vil nok hevde at det ikkje skulle vere mogleg, for bøane, der ein har dyrka fòr til dyra, er både bratte og tungdrevne.

Første generasjon brukte hest, medan den andre har dyrka jorda og hausta grasavlinga med traktor – vel å merke seg; Med dobbelt hjulsett!

​

Det Indrehus manglar for å være attraktiv for gardsdrift, tek garden igjen på beliggenheit med fantastisk utsikt over Jølstravatnet, Grovabreen og fjella omkring.

postkort.jpg

På eigedomen, i vasskanten av Jølstravatnet, ligg ei strandperle med panoramautsikt mot eit storslått motiv: Kjøsnesfjorden.

 

Utallige forbipasserande har stoppa i vegkanten og fotografert nettopp dette postkortmotivet.

​

Pensjonistalderen nærma seg for noværande eigar Knut og det viste seg at neste generasjon ikkje hadde tankar om å drive garden vidare med tradisjonell gardsdrift med husdyr.

Då kom ideen om å satse vidare med utleige av feiehytter og hyttene (husa), skulle ligge akkurat på denne stranda ved Jøstravatnet - med Kjøsnesfjorden midt imot.

​

gravemaskin oppstart.jpg

Rydding og klargjering av tomtene starta sommaren 2018.

Dette arbeidet tilfall Asbjørn, sonen til Knut, 

som representerer tredje generasjon.

Grunnmurane står klare hausten 2019.

grunnmur.jpg
byggestart.jpg

Råbygg under oppføring.

Hyttene tek form.

Her ein tindrande vinterdag februar 2020.

hytte under bygging.jpg
utearbeid.jpg

Plastring og planering våren 2020.

torvtak.jpg

Torvtaket kom på ein varm junidag 2020.

Kjapp pause i møbelskruinga ;-) Vi valde eit moderne Skandinavisk design med fokus på komfort.

IMG_3098.JPG
org_abc1867ba6abc843_1595524514000.jpg

Juli 2020 sto to moderne og romslege hytter klar til å ta imot gjestar.

bottom of page